Om regionen

Regionen som denne filmlocationkatalogen presenterer, består av hovudsakleg av kommunen Ullensvang, men også Kvam, Eidfjord , Ulvik og tidlegare Granvin kommune. Den strekker seg frå opne lanskap langs Hardangerfjorden, over Folgefonnhalvøya som med sin evigkvite isbre sender vatn i fossande elver ned i fruktbare bygder og industristader i Indre Hardanger, før den på vakkert og dramatisk vis stig mot Haukelifjell og Hardangervidda og mot dei mildare fjellpartia i nord og vest.

Historie

Det har truleg budd folk her i ca 3700 år. Tradisjonelt gardsbruk og husdyrhald saman med det fjordane og slepene på vidda har kunna gi av mat og kontakt med verda utanfor, har forma både menneske og landskap, kanskje særleg etter at engelske munkar på 1300-talet tok med seg frukttreet hit. Sidan er fruktdyrking og fruktbløming nærast blitt kjenneteiknet for regionen, og har trekt til seg turistar og kunstnarar i fleire hundre år.

Og landskapet og menneska vart definitivt forma vidare på begynnelsen av 1900-talet då den industrielle revolusjonen tok ei ny retning ved temminga av vasskrafta som gjorde den om til straum. I takt med kraftutbygging i Tyssedal og seinare i Ålvik, vart det  skapt moderne industrihistorie. I Odda vart det reist industribygg på tidlegare dyrka mark, hundrevis av tilflytta arbeidarar trong stader å bu, nye ferdslevegar måtte sprengast langs fjord og i fjell. Turbinhallen i Tyssedal vart arkitektteikna ut frå estetiske omsyn. Odda, Tyssedal og Ålvik fekk eigne bustadområde teikna av noen av landet sine beste arkitektar.  Noen av fabrikkane er idag nedlagde og delvis freda, slik som Smelteverket i Odda. Men som filmlocations er bygningane på tomta framleis høgst levande.

Locations

Ingen andre stader i verda finn ein slike kontraster som dei svære konstruksjonane på Smelteverks-tomta sett mot Folgefonna. Den gamle turbinhallen i Tyssedal er idag ein viktig del av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, NVIM, og blir brukt både som konsertlokale under Hardanger musikkfest og som serveringsstad for store middager. Den nye kraftstasjonen er bygd inn i gedigne haller i fjellet, men dei opprinnelege røyrgatene langs fjellsida har fått eit verdig liv vidare, som klatregata Via Ferrata.

Også den høgst oppegåande industrien er locations. Til dømes har Statkraft i Eidfjord opner Sima kraftstasjon 700 meter inne i fjellet for ballet og konsertar. For kulturen stanser dei all produksjon i kraftverket medan arrangementa pågår.

Skredvern finn ein mange stader i regionen, noe som vitner om at naturen kan vere brutal mot livet langs fjordane. Men i seg sjølv er desse bygga spanande konstruksjoner som vel kan danne bakgrunn for filmdramatikk.

Kulturarenaer

Kulturlivet i regionen er elles synleg over alt og på dei mest spektakulære stader: Skredoverbygget på Velure er til dømes arena for rockekonsertar, og skredvernet ovanfor Agatunet ligg der som eit digert romersk teater mot fjella. Men ein må vite om at det er der.

Hardanger kan by på både gammal og ny byggeskikk og byggeteknikk. Frå mellomalderhus til nye bygg som forskingsstasjonen på Lofthus. Stavkyrkje i Røldal. Eldre og nyare bygningsmiljø i tettstadene. Gammal fartøytradisjon blir tatt vare på i Norheimsund på Fartøyvernsenteret der.

Kulturen i regionen vår er godt dokumentert i våre mange museum som kan vere viktige medspelarar under ein filmproduksjon. Treng ein vitskap om klede eller møbler frå middelalderen, treng ein vitskap om korleis ein skal pota om eit epletre, om korleis ein dreg ein robåt opp i støa, om kvifor ein hogg staur for å bruke den ved omnane i industrien, eller om korleis det såg ut i smia på Smelteverket, så finn ein det her.

Næringsliv

Vårt varierte næringsliv kan ikkje berre tilby locations, gode hotell, god catering, god transport langs ville vegar og på fjorden eller i lufta, det kan også tilby alle typer handverkarar.
Treng ein filmproduksjon til dømes konstruksjonsløysingar for å få filmen i hamn, så har regionen vår bedriftene som kan ta desse oppdraga.

Friluftsliv

Hardanger har dessutan eit variert tilbod for friluftsliv, og har mykje kompetanse på ekstremsport som kan vere viktig i ein filmproduksjon: Havkajakk, elvepadling, rafting og fossefallhopp, isklatring, kiting, paragliding.

Kunstnarar

Og særleg har Hardanger mange spanande kunstnarar som på alle måtar er ein ressurs for ein filmproduksjon. Her er forfattarar, biletkunstnarar, journalister, musikarar, komponistar, filmfolk.
Alle godt skodde til å kunne yte sitt til ein filmproduksjon og til å vere eit filmvenleg Hardanger verdig.