Om oss

Filmvenleg Hardanger

Vi som står bak denne katalogen ønskjer å vise norske og utanlandske filmskaparar at vi har ein region som kan tilby ein stor variasjon av vakre og eksotiske stader som er vel eigna som locations for alle typer filmar.

Filmproduksjon som næring

Vi ser på filmproduksjon som ein spanande og interessant næring som drar med seg positive ringverknader for anna næringsverksemd, ikkje berre under sjølve produksjonsperioden, men også i det potensialet filmen i ettertid har til å profilere regionen som reiselivsmål, og som eit område folk får lyst til å busette seg i.

Profilering av mangfald i næringsliv, kultur og natur

Vi er overtydde om at det mangfaldet vi har å tilby av natur, kultur og næringsliv, vil vere med på å tilføre gode føresetnader for at filmproduksjon som blir lagt til regionen vår, skal få all den støtte og velvilje som trengs for å lukkast. Vi veit også at i dette mangfaldet ligg det mengder av spanande fortellingar, både historisk og i den tid vi lever i. Fortellingar som berre kunne og kan kome her ifrå. Vi trur at frå den særeigne soga, kan den universelle hente sine røter og vekse fram.

Lokalt eigarskap til katalogen

Ideen bak katalogen er tufta på at folk i regionen er dei som best kjenner sine heimtrakter, og som best kan foreslå stader som kan vere interessante locations for ulike tema i ein film. Slik vil vi kunne presentere stader som ein ikkje berre kjenner frå turistbrosjyrane eller berre kan sjå frå bil eller båt eller fly. Bak næraste haug og rundt neste sving fins landskap og hus og miljø som berre den lokalkjende veit om. Kanskje er det nettopp her dei mest spanande opptaksstadene fins.

For å kunne presentere dette mangfaldet, blir katalogen bygd opp rundt bilete og videoer av stader som folk i distriktet sjølv sender inn forslag om. Slik vil vi ha eit lokalt eigarskap til katalogen, og slik trur vi at vi kan skape eit filmvenleg Hardanger.

Tilskotsytarar

Arbeidet med katalogen er støtta av Hardangerrådet, som er eit samordningsorgan for kommunane i regionen. Dessutan har Sparebankstiftinga Hardanger og (tidlegare) Odda kommune gjennom Kulturfondet og gjennom Vekst- og strategifondet gjort det mogeleg å utarbeide katalogen.